Stillhet....

 

Stillhet er ein herlig ting. Det å sleppe unna tjas og mas og kunne slappe skikkelig av er utrulig herlig, men det virkar som denne rolige sona absolutt må ødeleggast av alt slags støy som berre må eksistere rundt oss.

Tenk deg å komme heim etter ein utrulig slitsom dag for så å slenge seg på sofaen. Man er klar for å sovne stille inn, og få roa kroppen ned. Man har akkurat fått sovna og så..... Dunk dunk dunk!!! Naboen har einmanns pølsefest i naborommet!!!! Woho no vart det jammen liv! Man ruller seg så rundt som eit skadeskutt dyr som kun vil at smerten skal forsvinne, og plasserer puta godt rundt ørene. Musikken blir dempa, men forsvinner aldri... Arg.

Etter ei stund dauer musikken av og man klarer endelig å få sove. rrrRRRRRrrring!!!!!!!!! telefonen ringer! Teite Tommy ringer. "Hei, har eg komt til Jørn Jørnsen?". Man merker lysten til å slenge drittord tilbake, men nei man ender alltid opp med å forklare at denne fyren for 9 gang har ringt feil. Rart med det at folk ikkje greier å lagre nummer.

Telefonen blir no slengt på lydløst og man får det for seg at endelig kan man sove. Så soooovneerrr maaaan... Ding Dong!" Man hopper opp av senga gjesper forsiktig og spurter bort til døra.

"Hei, vi er fra foreningen klovner i nød. I det siste har vi innsett at sirkus her i landet ikkje lengre vil sponse klovnane med klovnesko. Derfor banker vi på alle dører her til lands for å sjekke om nordmenn har ubrukte sko i størrelse langbein som vi kan få. Har du eit par sko som du kan donere vekk?"

Ekstremt irriterande når folk som dette dinger på døra for å be om sko...

Man ender då opp med ei eller anna bortforklaring om at man allerede har gjett vekk skoa til foreninga hobbitter utan klær. Man smeller så att døra og legger seg.

Man sovner igjen og "prRRrrrRRRrr!!!!!prrrrrrRRRRRRRRRRRR!", så våkner ein av eit helsikes leven utanfor huset. Oj det er jo gamle herr greger som har funne ut at han skal sage ned den 65 år gamle eika si. Ein innser så at her må det sterkere saker til verks. Man putter ørepropper i ørene, plasserer på eit par med dobbeltisolerte øreklokker, trer dyna godt over haudet og prøver igjen å sovne.

Ser man dette paret utanfor huset etter jobb så dropper man gjerne middagsluren. I wonder why.

Så skjer det typiske. Det går rett og slett ikkje an å sovne fordi man kun ligger og venter på den neste ulyden som skal dukke opp. Eit smell fra ei bombe, ei irriterande humle som surra eller ein isbil i det fjerne. Så man står opp for så å kaste vekk tid på tv eller anna underholdning som garantert bråker...

Har du noken gang prøvd å stenge ute alt av støy? Tru meg det er ganske vanskelig. Det er alltid eit kjøleskap som durer, fotsteg i det fjerne, naboer som stønner, you name it. Støyen er alltid der! Man blir så vandt til ulyder og bakgrunnsstøy at man rett og slett sliter dersom man ender opp i ei støyfri sone. Det blir liksom eit eller anna som mangler. Kanskje den lille lyden av uvær ikkje er så dum alikevel...

Praktisk tips nr.1

Heisann folkens.

I dag bestemte eg meg for å sjå den fantastiske filmen Rocky IV med Sylvester Stallone og Dolph Lundgren i hovedrollene. Filmen er så langt i fra å motta ein oscar-statuett som overhode mulig, men er uansett ein kongefilm.
Denne filmen har nemlig ein tendens til å motivere all slags slasker og sofaslitere til å stikke på trening for å auke det lave testosteronnivået eit par 100 prosent.

Eg fundera fortsatt over korleis desse to kan vere i samme vektklasse.


Filmen har eg for så vidt sett over eit titals ganger, og på grunn av det så var det ikkje uten grunn at eg vart forbanna når åpningsmusikken og bildet fryste iløpet av dei første minutta.
Eg kom brått på å tenke på VHS-fasen i livet mitt, der band med jamne mellomrom vart oppslukt av ein stykk sulten VHS-spiller. Dette var eit hardt slag i fjeset og delvis i underlivet. Kva skulle eg gjere no?
Eg testa å slenge discen i min trofaste XBOX360 med like sviktande resultat. Ja, eg var på nippet til å kasta filmen i veggen då eg brått kom på ei løysning.
Løysninga kan no til dags virke som ein fortapt kunst som berre dei få innvidde greier å hugse.
DVD-en hadde eit par småstygge skrammer fra dens tidligere harde liv. Desse arra som tydligvis har forplanta seg i sjela til disken måtte fjernast.

Eg skal derfor no gje mine faste leserar av denne bloggen eit tips for å redde hakkete og ripete plater.
1. Plukk opp disken
2. Snu den rundt
3.Kjøp ei banan
4.Sprett denne opp og ta ei lita tygge
5.Gni banana i sirkulære bevegelser over plata til alt av riper er dekka til.
6.Vent eit par minutt
7.Spyl av med varmt vatn
8.Bruk ein microfiberklut til å tørke vekk vatnet. stryk fra midten av plata og ut til kanten

Dette virker ofte på plater med mindre overfladiske riper. Det virker nødvendigvis ikkje på plater som du har kvessa samekniven din på.


Forskjellen mellom gode og dårlige bananer.


For min del så vart dette redninga for dagen då Rocky atter ein gang banka opp den steoridefulle Ivan Drago.

Snakkes bloggen!

Er flaskevatn oppskrytt?

Heisann.

Ja, dei fleste som no har lest tittelen på mitt siste innlegg tenker no:
"For eit jævla dumt spørsmål. Klart det ikkje er oppskrytt! Det inneholder jo så fantastiske mengder med mineraler og så er det jo så masse bedre enn vanlig springvatn!".
Ja kommentaren var rein og skjær ironi.

Flaskevatn suger og DU VEIT DET!

For det første så er det på langt nær like godt som vatn fra springen, spesielt for oss som har vokst opp blant majestetiske fjell og lange fjordar. For det andre har det best før dato: " Så vannkretsløpet begynner å bli utdatert?"
For det tredje så koster det jo latterlig masse. Det er utrulig å tenke på kor mange som klager over at bensinprisen stiger eit par 10 øre, mens så og sei ingen kommenterer det at ei 0,6 flaske på shell koster 30 kroner.
Ka er den store grunnen til denne prisen? Er det dei fantastiske plastflaskene? Neppe! Til dømes koster typiske hagestoler i kvit plast rundt femti kroner på Jysk og tilsvarande plasser. Er det det revolusjonerande smakfulle vatnet?
Nei, det er kun dårlig østlandsvatn som er pumpa gjennom eit par filter.

Så koffor gidder folk å sløse vekk penger på flaskevatn?

Ja, eg er i det miljøbevisste hjørnet i dag.

Vil du som leser virkelig vite svaret? Grunnen er så enkelt at folk er late. Kor vanskelig er det liksom å ta med seg ei flaske med springvatn heime i fra?
Så kjem folk og seier at dei handler flaska pga at det er lett tilgjengelig. Ta deg ein bolle og tenk deg om. Er det i grunn så vanskelig å få tak i reint vatn når man befinner seg på forskjellige plasser? På jobben har dei vask, på uteplasser har dei vask, butikker har vask, på treningsrommet har dei vask.

Eit anna argument er: "Eg kjøper flaskevatn fordi at eg då har fått meg flaske som eg kan ha med meg overalt! WEEE!"
Enkel logikk seier då at man har ei flaske som går an å bruke ein periode, ikkje nødvendigvis eit år men vertfall ein del dager. Men så er det sånn her i verden at folk elsker å kaste ting for å sleppe å drasse med seg ting over alt og det er ikkje uten grunn at filmer som Wall-e blir laga der man gjer narr av forsøpling.


Vil du verkeleg at han her skal rydde etter deg? Ditt sjuke sjuke menneske


 Så dagens tips er "skjærp deg, drikk kranvatn for miljøet sin skyld og om ikkje for det så gjer det for din egen økonomi si skyld!"

Peace out!

Gutten har bursdag i dag! 21 år og greier:D

Jaja så var dagen her då eg endelig vart 21 år -_-  .
Eg må erlig innrømme at det ikkje er noken som helst forandring mellom dagen i dag og dagen i går.
Eller jo, vaskemaskina var reparert i dag av ein utenlandsk fyr med ehm.. stor interesse for slike maskiner.
Korga for klesvasken har i det siste vert så full at kleda i den nesten har endra fiberstruktur, så det her var på tide.

Og foresten, eg fekk bamsemums i dag tidlig. Eg bestemte meg derfor at dagens første store oppdrag skulle vere å kvele i meg desse før eg begynte på noke anna. Det endte med at eg kvelte i meg ein stor pakke bamsemums på berre eit par minutter, og ja eg blei kvalm. Riktig nok ikkje heilt på nivå med då eg kvelte i meg ein stor pakke marshmallows på eit par minutt, men eg vart uansett kvalm.

Ellers er planen for i dag å stikke og trene, ete litt nice mat forhåpentlig miksa av kjæresten, og kaste vekk resten av dagen på ting som absolutt ikkje bidrar med noke for menneskeheten.

Uansett så føler eg for å kommentere bursdagsfenomenet. Som liten så gleder man seg alltid, ja alltid til den store dagen i året når man kan skryte til alle kamerater at man er enda eit år nermere det å bli voksen. Pakker skal mottas, kaker og enorme mengder snop og brus skal konsumerast og man kan glede seg til å vere bursdagsfestens midtpunkt for dagen.

Etter kvart som man nermar seg 16 årsalderen begynner enkelte å glede seg til det å kjøre moped, lærekjøre bil og det å øve på å lage avkom uten at det er ulovligt. Når så 16 årsalderen er nådd så merker man lysten på å kunne kjøpe "helsefarlige" saker og ting som alkohol, tobakk og pornografi (snålt fenomen at man først har lov til å sjå og lese først etter man har lov til å utføre det), samt å kjøre bil.
Denne perioden og fram til man er 18 er ein veldig frustrerande periode. Man begynner å snike seg ut av heimen med ein bag full av øl og trur at ingen voksne hører flaskeklirringa. Naive foreldre får seg eit sjokk når ungdommen ligger i grøfta nedtusja og fæl, og man føler at det jammen skal bli godt å bli voksen.

Så blir man endelig 18, feirer med å ta lappen (med unntak av meg) og trur man kan det å kjøre bil. Man begynner å råne forann ungdomsskuler for å plukke "rips", og mange begynner å festrøyke Så fester man så og sei kvar helg dette året pga alle dei 3000 attenårsdagane som man absolutt må vere med på. Deretter innser man, "hei, eg får jo ikkje kjøpe sterkere alkoholtyper på polet!" og man gleder seg til tjueårsalderen, for då kan man virkelig slå seg laus.

Så kjem tjueårsdagen og man innser at man egentlig er lei av å feste kvar helg og man innser at bursdager ikkje lenger er noke spessielt. Dei store harde pakkane er borte, og det man står igjen med er bursdagshelsinger på facebook.

Ikkje rart at eg ikkje lengre gleda meg til bursdagen min lengre:P

Svineinfluensaen - Eit tilbakeblikk

I dag tidlig bladde eg gjennom lokalavisa i Elverum og oppdaterte meg på dagens status om skoghoggingssaken og bøndenes idè om å skyte jerv då eg heilt på slutten av avisa skimta eit lite innlegg som fekk meg til å småle.
Der stod det eit innlegg om den berykta "svineinfluensaen " som herja verden for ei lita stund sidan.

La oss sjå svineinfluensa, svineinfluensa, ja kva var no det igjen.... Ja det stemmer det var den influensaen som i følge media skulle føre til menneskehetens utryddelse og vel så det.
Folk fekk beskjed om å sprøyte inn eit nesten utesta stoff kalla pandemrix i kroppen som skulle hjelpe mot denne farlige sjukdommen. Dama mi fekk beskjed om å ta denne vaksina pga jobben ho hadde på apoteket i den perioden.
Eg lot være å ta den rett og slett fordi eg ikkje synst det var så uhyrlig skummelt at ein og anna boms sør i Europa i 70-80 åra tilfeldigvis hadde sjukdommen då han/ho daua av hjertestans.

Det som er interessant er at dama vart sjuk av vaksina, mens eg som reiste til Kypros midt i partyhelvettet Aya Napa der det var mange med svineinfluensa, ikkje vart sjuk.
Eg sparte også 200 lappen (trur det var noke sånt) som mesteparten av befolkninga betalte for ei midlertidig lamming av eine armen. I tillegg følte eg meg litt meir snasen når eg sprada rundt i vanlige klær mens store mengder personer gjekk med smittemasker.

Dette assosierer eg med svineinfluensa


Uansett tilbake til innlegget i avisa. Nyere forskning tyder på at pandemrix også har seinbivirkninger. Det er rapportert at enkelte personer som har brukt vaksina no har utvikla sjuksommen narkolepsi. 
Jaja sånn kan det gå når man hiver seg på alle desse nymotens trendane.

Eg kan tenke meg at produsentane av legemiddelet no ligger og soler seg på yachten sin ved kaia til luksushuset sitt på St. Tropez, alt finansiert av den norske befolkning, mens dei ler av kor lettlurte folk er.

Ambisjoner framover - skulemessig



I dag gjorde eg noke ganske uventa. Eg bestemte meg for at eg skal gå opp i eksamen som privatist i ein del skulefag til vinteren. Dette er to grunner til. For det første så er eg ikkje så heldig på jobbmarkedet for tida som eg håpte på då eg først flytta til Elverum. For det andre så har eg planer om å videreutdanne meg etter kvart. Så i staden for å kaste vekk tid på å ligge i dvale her i hula så velger eg å utvikle meg innen diverse fag.

Det eg no skal melde meg opp til eksamen i no i desember er som følgande:
-Matematikk R1 (realfagsmatte)
-Norsk hovedmål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse
-Norsk sidemål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse
-Norsk, vg3 studieforberedende utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse, muntlig
-Historie, vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Grunnen til at eg meldte meg opp i eksamen i alt er fordi eg tar det som privatist og då får man ikkje karakterer undervegs i faget. Eksamenskarakteren blir då den gjeldande karakteren i faget, og som alle veit er det ofte vanskelig å få gode karakterer på eksamen:S
Skulebøker får eg heldigvis låne av Elverum videregående skule så eg slepper vertfall å legge ut store mengder med mynter på litterære verk.

Du som leser lurer kanskje på koffor i all verden eg gjer meg ut på dette her. Svaret er enkelt at eg vil ha noke utfordrande å jobbe mot! Går det skeis så er det uansett berre å melde seg opp til ny eksamen igjen til våren.

Målet mitt er å bestå i alt med karakterer over middels, og dersom dette går bra vil eg melde meg opp i eksamen i fysikk og matematikk R2 ved neste anledning.

Ja eg er gal:P

Treningslogg 06. September 2010

Heisann folkens.

Fekk beskjed om å slenge ut litt info om trening av eit par kamerater.
Begynner i første omgang med logg for treningsøkta i dag.
Eg kjører det lineære treningsprogrammet med navn 5x5 stronglift for tida. Dette opplegget baserer seg rundt såkalla baseøvelser, der fleire muskler arbeider sammen over eit større bevegelsesområde. Med andre ord finner man ingen leg-extension, smithmaskinøvelser, preachercurls eller andre isolasjonsøvelser.

Treningsprogrammet er eit heilkroppsprogram som betyr at man trener gjennom heile kroppen på kvar trening. Dette betyr mindre treningsøkter i uka og større treningsfrekvens på baseløfta.
Man har to forskjellige økter i programmet, ei A-økt og ei B-økt. A-økta har litt andre øvelser enn B-økta.
A-økt: Knebøy
Benkpress
Omvendt roing
Armhevinger
Omvendt Crunches (meiner eg)

B-økt: Knebøy
Skulderpress
Markløft
Chins/pull-ups (annakvar B økt)
Planken (kan vere at planken var på A-dagen og omvendt crunch var på B-dagen)

Alle baseløfta kjører man oppvarmingssett på til man når dagens bestemte arbeidsvekt. Arbeidsvekta skal løftast 5 ganger (reps) x 5 sett med god teknikk og null assistanse fra spotter (hjelper).

Kvar økt auker eg vekta på baseløfta med 2,5 kilo slik at man utfordrer muskelane til å bli sterkare pga treningsstresset. Dersom ein ikkje greier å gjennomføre eit sett, prøver man igjen neste økt. Dersom man fortsatt sliter, går man ned ca 10 % av forrige arbeidsvekt og jobber seg oppigjen derfra.

Litt avsporing fra loggen men må man så må man.....

Så var det loggen då:

Knebøy: Stanga 6 reps
40 kg 5 reps
50 kg 5 reps (skulle egentlig ha 60 men la på feil)
80 kg 3 reps
87,5 5 reps x 5 sett :)

Benkpress: Stanga 10 reps
40 kg 5 reps
60 kg 5 reps
80 kg 5 reps
4 reps (Men ka i helvette???? stanga gjekk ikkje opp på nummer fem:( argh!!)
 Blei så sur at eg droppa heile øvelsen

Floorpress: 50 kg 5 reps
80 kg 1 reps
2 reps

Omvendt Roing: BW+5 kg 12 reps
BW+10 kg 8 reps
7 reps
6 reps + 3 reps kun BW (bodyweight som det heitter på dei britiske øyer)

Armhevinger: BW+Rød
Strikk 12 reps
10 reps
8 reps

Omvendt Crunch: Gløymde heile greia (bra start på bloggen ja)

Fekk ikkje til lockout på benkpressen av ein eller anna grunn (sikkert for lite mat i dag) så kjørte litt floorpress som bedrer styrken i denne delen av løftet.

Merka egentlig at eg ikkje har ete nok mat i dag, med tanke på at energinivået var lavt i dag:/
Jeje nye dager, nye muligheter seier berre eg;)

Filmkritikk

Heisann faste leserer (ja deg Per Erik)

Ëg kom til å tenke på ein tåplig liten detalj fra kvardagen min. Som alle som kjenner meg veit, så kaster eg vekk store om ikkje enorme mengder tid på tvserier, spill og spesielt filmer i dvd og blu-ray format (VHS, betamax og hd-dvd er vel dødt som dinosaurer så det ser eg ikkje på). For min del så slår ingenting det å slenge på eit skikkelig blockbuster actionepos av dimensjoner med volumet innstillt på "overdrive", for så å følge Schwarzenegger/Stallone/Willis/Statham/Nesbø under den evige mannsslaktinga for frihet.
Aldri tenker eg over kor usannsynlig det er at ein enkelt mann faktisk kan hamle opp mot ein hær berre ved hjelp av pil og bue, eller at helten presterer å handtere ein minigun i kvar hand med presisjon uten å merke spor av rekyl, eller for så vidt ha ein lavere treffprosent enn 90.

Det eg derimot legger stort merke til på filmer er først og fremst den unødvendige introen før filmen med "you wouldnt steal a car. You wouldnt steal a cd-kampanjen". Dette lille filmklippet på sikkert rundt 30 sek får meg til å tenke; "koffor lasta eg ikkje berre ned filmen i staden?". Hadde eg lasta ned filmen ville eg mest sannsynlig unngått dette irriterande klippet og fått begynt på filmen fortere. Heldigvis dukker denne kampanjen sjeldnere og sjeldnere opp for tida, og eg søver bedre og bedre om nettene.

Og snart så kan man det med hjelp fra ein 3D-printer.


I desse DVD/BLU-Ray dager merker eg eit meir og meir fokus på ekstramaterial på filmer. Dette innebærer blant anna ekstrascener som vart fjerna fra filmen pga av crappy kvalitet, dokumentar om kor utrulig vanskelig det er å lage filmen, og ikkje minst det berykta kommentatorsporet. Kommentatorsporet er min verste fiender når det gjelder filmer. Her er grunnen:
-Man starter filmen som vanlig med popcornet i eine handa.
-Presentasjonen av filmstudio og produsenter sklir lite faretruande over skjermen menst forventningane bygger seg opp.
-Ei meget interessant filmscene dukker opp for å sette eit bra førsteinntrykk, og pulsen aukar betraktelig.
-Man ser hovudpersonen i ei slags bli kjent med miljøet/ personen-scene
-Brått dukker det opp ei skjærande, sleezy og litt sånn pubertal stemme med kommentaren: "When we produced this scene of the movie, I did not drink coffee, and you can see this in how the maincharacter moves his legs blah blah blah..."
-What the fuck!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Kommentarspor?? Eg trur ikkje det du!

Enda ein gang valgte eg feil på subtitlesmenyen. I staden for å velge Norsk valgte eg engelsk med kommentar:/

Uansett så er eg glad for at "video killed the radiostar" og det bør du og. Peace out!

Velkommen til min blogg!

Heisann folkens, Erlend her!

Eg har alltid synst at blogger er noke unødvendig tidsfordriv for folk som har så lite å finne på at det å knyte skolisser og det å ta oppvasken blir dagens om ikkje ukas store høgdepunkt. Desse personane har ofte ein standard 07.00-15.00 jobb, ein eller fleire små skrikerunger, ei stygg bikkje og eit akutt behov for offentlig annerkjennelse.
Desse bloggerane ser gjerne på seg sjølv som eksperter innen diverse felt som mote, matlaging, trening, osv.

Eg vil presisere at eg verken er småbarnsfar, har ei stygg bikkje, har jobb eller for så vidt store grunner til å yttre meg om alt av dagligdagse problemer. Det eg derimot har, er store mengder fritid!

 

Meg i Egypt i Sommer

Eg er no akkurat i starten av mitt andre tiår her på denne jord og har nylig flytta til Elverum med min store kjærlighet Synnøve. Vi er kanskje verdens mest spesi kjærestepar når det kommer til stykket. Ho er ei typisk jålejente med cøliaki som smiler 90% av tida, mens eg er ein slaskete, humørsvingande, kritisk fy som har ein absurd form for humor.
Synnøve er opprinnelig eit A-menneske med krølla hår, mens eg fra naturens side er eit B-menneske med stålullhår.
Måtte gud forby at vi får unger ein gang! Frisører vil i så fall møte deiras største utfordring gjennom tidene!

Jeje back on track. Eg har alltid store ambisjoner om å bli god i det eg driver med, men har ein tendens til å gjere alt for komplisert. Dette har eg tenkt til å rette opp framover ved hjelp av min nye sambuer:D

Men dette får vere nok info for denne gang...

Dersom denne bloggen virker intressant er det berre å følge med framover;)

 

Stikkord:
Les mer i arkivet » September 2010
Mr.Nesbø

Mr.Nesbø

21, Bremanger

Mitt Navn er Erlend og eg er født og oppvokst i Svelgen i bremanger kommune i Sogn og Fjordane på vestlandet i Norge. Resten får du vete via the "blAAAAgh"

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits